Om kinoen
Ål kulturhus vart opna i 1992 og er eit regionalt kulturhus for heile Hallingdal. Huset inneheld to amfisalar for kino, konsertar, teater, dans, konferansar og seminar, m.m.
Ål kino vart kåra til «Årets kino 2011» i klassen liten kino. Dette er andre år på rad, og sjuande gongen totalt, at Ål kino vinn denne prisen.
Storesalen
har 350 plassar og er ein amfisal med scene og orkestergrav.
Salen blir nytta som kinosal i tillegg til kulturarrangement og seminar/foredrag.
Leige av salen inkluderer bruk av garderobar, projektor, lysrigg og lydutstyr som er tilgjengeleg på huset.
Veslesalen
har opptil 90 plassar og er ein sal med fast amfi og utan scene.
Salen er mest brukt som kinosal og konferansesal, men blir også brukt som konsertsal.
Leige av salen inkluderer projektor, lysrigg og lydutstyr som er tilgjengeleg på huset.